Eg reiser ikkje alene – et kåseri

 

south-america-ecuador-quito-thumb

Om to uker – i midten av oktober dreg eg på kort ferd, men langt unna. Skal til Quito i Ecuador. Der skal gamle vener møtast igjen, etter 20 år. Det er lenge! Berre såg det er sagt; eg kjenner ingen der. Eller det vil seia, eg reiser ikkje åleine. Tek med meg ein aktivist-kollega. Og nokon gæmliser frå UD. Eg hatar å fly. Det er ikkje naturleg for oss menneske å hengja i lufta. Vi er landkrabber, biologisk sett. Sjølv om eg trivst i vatnet, så lenge det er teke vare på i eit basseng eller kar. I Quito skal det haldast ein konferanse om berekraftig byutvikling – kalla Habitat III. Dette temaet er så viktig at konferansen vert halde kvart 20. år.

For tredje gong møtest nasjonar, sivilsamfunn og andre engasjerte sjelar for å diskutera by. Byen vår, byen min, byen din. Sidan så mange av oss er lei av å leva det rolege provinslivet tett på naturen, med alle dei negative konsekvensane det medfører; frisk luft, nærkontakt med natur og dyr, lite trafikk og generell chill, bur no halvparten av menneska i byar. Sjølv oppdaga eg fordelene med å bu i by etter å ha spelt det pedagogiske dataspelet Jones in the fast lane, der ein lærer å beherska storbylivet og det uendelege tidsjaget.

Samstundes med at byane forbrukar 70 % av ressursane til jorda og produserer ein overraskande liten prosent av dette, er det her ein må bretta opp erma og ha ein god arbeidsøkt. Sjølv om det er få kyr i byane så forureinar byar overraskande mykje. Temperaturen stig,  òg utanom badesesongen, og pola smeltar. Dette vart vi samde om på klimaforhandlingane i Paris 2015 at ikkje var så greitt.

Så for å få bukka på denne byllen må det ein effektiv hestekur til. Litt sånn som når bestefaren min hadde tannverk. Han gjorde kort prosess og etter heftige mengder ildvann så trekte tanna sjølv i bua. Dette var etter at han hadde ringt til nær sagt alle han kjende og spurt om ikkje dei kunne trekkja tanna for han. Alle sa dei ville hjelpa han, men ingen ville gjera noko. Så i Quito er det viktig at vi vert samde om kva for ei tann vi skal trekkja og at det vert gjort kollektivt, ikkje i ei bu.

Det som skal til for å få ein sunn og berekraftig by, eller tanngard om du vil, er jo veldig omfattande. Sjølv meiner eg at deltaking og inkludering i planprosessar er viktig. Alle stemmar må høyrast og teke med i betraktningen. Dette fekk eg røyna i barndomen min der eg og syskena mine ville byggja hytte i skogen. Joda, bestefar var snikkar og bygde hus i rekkjer. Same karen som trekte tanna si. Så du skjønner jo at dette er ein handlings mann. Så fôra han høyrt at vi hadde eit behov for ei hytte såg heiv han seg rundt å byrja å snikra. Utan å inkludera eller spør oss, brukarane, om noko som helst. Det vart ingen hytte, berre ein vegg som var alt for tung å bera frå garasjen og ut i skogen.

Eg reiser ikkje åleine. Til Quito. Eg har folkesetnaden i verda i tankane. Dei har rett til å sjåast, høyrast, inkluderast, ivaretas, og det som elles høyrer til. Essensen er å leggja grunnlaget for ein by, som i kraft av å vera; inkluderande, klimavennlig, energivennlig, mat-produserande, open, trygg, stimulerande, mangfoldig, kunnskapsrik og fremtidsrettet. Ei god gåve til den kommande generasjonen.

quito-teleferico

 

Skrevet av Joakim Hoholm i Byutvalget

 

Leave a Reply