Testing av fairtrade sjokoladekake

Oppskriften på kaka i Spires kokebok. Bilde Charlotte Andersen

Oppskriften på kaka i Spires kokebok. Bilde Charlotte Andersen

Noko av det som var fint med å laga kokebok, var at me fekk inn masse spennande oppskrifter frå bloggarar, kokebokforfattarar og andre. Nokre av oppskriftene testa me ut undervegs, men ikkje alle. Ein av godbetane me hadde spart på var Fairtrade sjokoladekake, ei oppskrift me fekk av Friends Fair Trade i Oslo. Oppskrifta står på side 36 i kokeboka vår, eller side 19 i pdf-versjonen, som du finn her: http://www.spireorg.no/files/spire/documents/spireskokebok.pdf

8. Spires kokebok Grønt bord, grønn jord. Bilde Susanne Kulasingam

Spires kokebok Grønt bord, grønn jord. Bilde Susanne Kulasingam

Me gjetta oss i utgangspunktet til at det kom til å vera ei veldig kraftig sjokoladekake. Den inneheld nemlig 70 gram kakao og 150 gram Divine 85% sjokolade. Oppskrifta inneheld òg raudbeter. Sjølv er eg glad i gulrotkake, og tenkte at raudbeter i kake sikkert er like godt som gulrøter. Andre var kanskje litt meir skeptiske.

Mahya og Nora fra Spires matutvalg. Bilde Charlotte Andersen

Mahya og Nora fra Spires matutvalg. Bilde Charlotte Andersen

Kaka er ganske lett å laga. Det einaste ein bør bita seg merke i er at raudbeter må koka ganske lenge for å bli mjuke. Så ta oppskrifta på alvor. Start med å gjera det som står fyrst.

Lurt å følge oppskriften nøye! Bilde Charlotte Andersen

Lurt å følge oppskriften nøye! Bilde Charlotte Andersen

Koking av rødbeter. Bilde Ida Sigurdsen

Koking av rødbeter. Bilde Ida Sigurdsen

Klar for ovnen. Bilde Charlotte Andersen

Klar for ovnen. Bilde Charlotte Andersen

Dei ferdige kakene vart ganske bra. Dei ser omtrent like fine ut som kakene på bildet i boka, og det er faktisk ganske skjelden. (Kan henga saman med at maten i boka vår ikkje er sminka, i motsetnad til mat i mange andre kokebøker.)

Ferdig rettferdig sjokoladekake! Bilde Charlotte Andersen

Ferdig rettferdig sjokoladekake! Bilde Charlotte Andersen

Men det viktigaste er jo som kjent korleis maten smaker. Kaka smakte veldig sjokolade. Ein smaksprøvar sa at den er “som ein eksplosjon av sjokolade inni munnen din”. Dette er sjokoladekaka du bør lage til mamma sin bursdag. Den har ein ganske vaksen smak. Raudbetene kjenner ein ikkje så godt, men me som visste om dei kunne smaka dei. Dei gav ein spennande nyanse til den kraftige sjokoladesmaken, så vel som litt ekstra sødme. Det var ein morsom “hemmeleg ingrediens” som er ganske vanskelig å gjetta seg fram til. Denne kaka er som konfekt. Du kan kosa deg lenge med ein liten bit.

Kaka ble delt ut i Mathallen. Bilde Charlotte Andersen

Kaka ble delt ut i Mathallen. Bilde Charlotte Andersen

Tekst av Nora Geirsdotter Bækkelund i Spires Matutvalget.
Bilder av Susanne Kulasingam, Charlotte Andersen og Ida Sigurdsen

 

Leave a Reply