Gratulerer med dagen!

Gratulerer med dagen!

I dag feirar Spire arbeidaranes internasjonale kampdag, og tradisjon tru er vi også i år å finne i toget. Mange spirer starta dagen med ein betre frukost på takterassen på Spirekontoret, og deretter bar det ned på Youngstorget for å høyre appellar og gå i tog saman med tusenvis av andre som hadde funne vegen. Spire stilte kvinnesterke, og ein og annan Spiremann var der også å sjå.

1 mai Spire tog

Å vere med i Spire er både morosamt og lærerikt. Vi engasjerer oss fordi vi trur på det vi gjer, og fordi det nyttar. Spire trengs fordi vi gjer ein viktig jobb med å påverke politikarane til å jobbe for ei rettferdig fordeling og ressursforvaltning globalt, og vi trengs for å spreie informasjon til folket om konsekvensar av norsk politikk i land i Sør. Å vere engasjert i ein ungdomsorganisasjon gir oss ein arena der vi lærer om viktige tema. Vi lærer korleis vi som ungdom kan vere med å forme vår kvardag og vår framtid, og det skaper eit fellesskap som gir oss både glede og slagkraft. Vi opplever at politikarane høyrer på oss, og at vi blir tatt på alvor.

Organisasjonsfridommen og ytringsfridommen er mange stader i verda under sterkt press, og i mange land utset vaksne og ungdommar seg sjølv for høg risiko ved å ytre regimekritiske meiningar. Fridommen til å organisere seg er eit tema internasjonalt utval i Spire for tida jobbar mykje med. Vi har slutta opp om Norsk Folkehjelp si kampanje for organisasjonsfridom, og for at regjeringa skal auke støtta til dei som kjempar for retten til å organisere seg.

1 mai Spire 100.000 klimajobber nå parole

Samstundes har vi i internasjonalt utval i Spire eit anna spanande prosjekt på gang, med hovudfokus på organisering av ungdom. Vi har nemleg fått støtte av LNU til eit prosjekt i Malawi til sommaren, der vi skal ha ein workshop saman med malawisk og etiopisk ungdom om korleis ungdom kan drive politisk påverknadsarbeid relatert til klimaendringar og klimapolitikk. To representantar frå Spire reiser til Malawi i ei veke for å delta på workshopen. Der vil dei få sjansen til å utveksle erfaringar og idear med malawisk og etiopisk ungdom.

1 mai Spire Internasjonalt utvalg Hanne Krystad

Hanne er påtroppande koordinator i internasjonalt utval, og skal halde trådane i arbeidet vårt framover.

Dei etiopiske ungdommane som deltek i dette prosjektet har ikkje eigne ungdomsorganisasjonar, men er del av «vaksne» organisasjonar. Eit av måla våre med dette prosjektet er nettopp å bidra til å etablere ein ungdomsorganisasjon i Etiopia, som kanskje kan bli ein av Spire sine nye partnarar. Vi gler oss til å lære meir om korleis desse ungdommane arbeider, og korleis vi kan samarbeide med dei i framtida.

– Høyres det interessant ut, seier du? Ta kontakt med internasjonalt utval, da vel, og bli med oss å jobbe for at fleire ungdommar skal få moglegheita til å organisere seg.

Ingvild Mangerud, internasjonal utval i Spire

#ulovligmøte 1 mai Internasjonalt Utvalg Spire

Møte i internasjonalt utval i Spire: Vi står saman med dei som ikkje får lov til å stå saman #ulovligmøte

 

Leave a Reply