#skriv for klima – Etter klokka 20 drikk Jens Evensen berre vatn

I 24 dager presenterer Spire, Forfatternes klimaaksjon § 112 og Nynorskens Hus/BUL  24 brev med tekstar som forfattarar og ungdommar har produsert under ein felles skrivedugnad. Hver dag sendes ett nytt brev med en ny tekst til Tine Sundtoft. Under følger syvende brev i rekka.

 

Kjære Tine Sundtoft,

Dette er eitt av 24 brev med tekstar som forfattarar og ungdommar har produsert under ein skrivedugnad arrangert av tre organisasjonar som ønskjer å skape meir merksemd rundt klima- og miljøspørsmål. Vi håper du lytter til orda og tar dei med deg i det viktige arbeidet ditt.

 

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik

DAGENS TEKST er av Mette Karlsvik. Ho er forfattar og 36 år gammal. 

Etter klokka 20 drikk Jens Evensen berre vatn

Sommarhuset ser lite ut. Unnseleg, enkelt. Jens Evensen måtte likevel bruke alt han har av forhandlingsevner for å få huset til det han meinte var rett pris. Sjølv ein Høgsterettsjustitiarius har eit økonomisk smertepunkt, ei grense for kva han klarar av utgifter. Ei lita stove på Storsanden. Glasa er det største på huset. Jens Evensen drar stolen bort til glaset, og ser etter båtar. Seglbåtar kjem frå Færder, fullasta av rikmannssøner. Sommaren er på hell. Har vi kreps nok, seier fru Evensen. Hendene hennar blir særleg små mot krepsekorga. Petit som Catherine Deneuves, så små at dei, når dei knytte er, får plass i ei einaste av Jens sine hender. Kreps har vi nok av, seier han. Vi har vin, smør, brød. Om du har det bra, seier Jens Evensen; Då er alle ting godt. Nordover, nordover: alle båtar skal nordover før det blir mørkt. Evensen vaknar til av å studere fjorden. Vatnet går inn i hovudet på han, lagar sirkulasjon. Han fiskar fram parkerpennen, ei med Braathens Safe på sida. Rekefiskeforhandlinga blir utsett, skriv Evensen:Grunnen er at det norske UD avventar ei svensk utgreiing, ei om status på rekebestand i Ytre Oslofjord, skriv han. Han reiser seg, og går bort til kjøkkenkroken. I skåpet legg han papira sine. Så seier han: Har vi kreps nok, sa du. Vi har kreps nok, seier fru Evensen. Men kjem dei, har du sett dei, seier ho. Jens Evensen går attende til glaset. Når han no ser ned på fjorden, forvekslar han den ei stund med den han ser frå stoveglaset heime i Holmenkollåsen. Så smal er fjorden mellom Sand og Drøbak, at han liknar Indre Oslofjord.

Men kjem dei snart, seier fru Evensen. Sjå, der kjem Danskebåten, seier Jens Evensen. Kor, seier fruen. Han kjem snart, seier Evensen. Fru Evensen ser på armbandsuret. Jau, det stemmer det. Han skulle ha vore her for litt sidan, seier ho. Han kjem, du ser det på fjorden, han er låg, ser du, seier Evensen: Sjøen rekk berre halvvegs mot brygga, seier han. Havet trekk sørover. Det blir sugd opp og inn i båtens botndel. Det sirkulerer ei stund, skyl røyr og sanitær ein siste gong før fjorden blir inderleg og intenst liten. Danskebåten sig inn sundet. Slusar sjøen gjennom seg, og ut att, bak seg. Vimplar sig forbi. Dei er på høgd med Evensen, i eit minutt, nesten to. Så søkk fjorden igjen, og pustar inn, ut, og inn igjen, før det roar seg. Før solgangsbrisen kjem, før fjæra, før havet igjen søkk, og så søkk igjen.

Møterommet har berre kunstlys. Ikkje eit vindauge på nokre av veggane. Berre eit brystpanel bryt opp veggane. Kva vêr det enn er, ute, er rommet det same. Lyset er gult, golvteppet raudt. Delegatane i ymse fargar. Brune tweeddressar, men elles fargar i fleng. Bukser med sleng. Jens Evensen er kledd i grått. Skjorta kvit, andletet roleg. Berre fråveret av glas uroar Evensen. Han har ei mappe under armen. I mappa står alt han skal seie. Så han går støtt opp matta. Matte på matte. Det er som Danskebåten.

De gjer krav på halve Nordsjøen. Eg godtek ikkje premissen, seier Evensen: Ja, vi gjer krav på. Men det er ikkje halve Nordsjøen vi vil ha. Og Norsk Hydro skal samarbeide med franskmennene, seier Evensen. Samarbeide, seier Møller: Caltex skal bore. Men dei skal vel bore for dykk, og ikkje for seg sjølv, seier Møller. Ikkje Caltex. Bureau de Rècherche de Pètrol, seier Evensen, og ser på klokka. Vi får halde fram diskusjonen over middag, seier han. Det blir tatt godt imot av dei andre. Engelskmannen leverer den berømte replikken, ein som han bit i seg i år seinare: Lat oss dele broderleg av ølet i kveld. Så lagar vi så mykje betre avtalar i morgon. Og noko må dei ha fått instruert, servitørane på Grand Hotell; noko om å fylle opp glas så snart dei er tomme, og å komme med nye korger brød, nye fat smør, så snart det blir tomt på fata. Men kor mykje dei enn vil servere Evensen, så får han ikkje større plass til mat og drikke. Han sluttar etter to glas, og lar maten søkke. Så kjenner han også at det har vore ein lang dag, og går og legg seg. Svensken, islendingen, briten, dansken sitt oppe. Dei blir venner. Snakkar ikkje rundt grauten, men går rett dit det brenn. Til gass: Gass brenn. Det er mulegheiter for at det finst naturresjar, olje, gass, det er kva det handlar om, eigentleg. Difor går dei rett frå brennivinet til delelinene. Kor skal lina gå. Kor går lina for den einskilde. Dei går frå politisk prat til rundar i baren. Frå det som verten dekker, til å utfordre kvarandre til å dekke rundar. Dei tømmer glas på glas, og når formtoppen nokre timar før frukost, fem – seks timar før første møte. Dei møtest i hotellets frukostsal. After you, seier engelskmannen, ved brødet. Men nordmannen skal ikkje ha brød. Han går rett til havregryna, blandar gryn og mjølk, og drikk kaffien sin svart. Engelskmannen tar te med sukker og mjølk, og egg og bacon. Alt er som det skal vere. Det var kjekt i går, seier dansken. Vi lo godt i går, seier svensken. Evensen synest det liknar ein vits. Dei ser ikkje så verst ut i dag, og dei høyrest godt også. Dei hevdar sine land sine interesser, og dei gjer det med høge røyster, ved frukostbordet. Og forhandlingane varar. Evensen trekk det ut. Uthaldande av komplekse karbohydrat drar han opp nye fakta, kompliserande fakta. Men kor skal grensa gå. Grensa er grei. Prinsippet er ufråvikeleg og klart, seier Jens Evensen. Grensa går i lik avstand mellom kyststatar. Midt mellom Danmark og Noreg. Det er likedelingsprinsippet, seier Evensen. Men kor måler ein frå, frå ytterpunkt på kysten; Frå dei yttarste berg og nes, eller frå fyra, frå dei siste fyra, frå Færder, frå Fyn, seier Møller. Vi følgjer prinsippet nedfelt i Genèvekonvensjonene av 1958, gjentek Evensen. Likedelingsprinsippet, seier han: Det følgjer dei legale linene, på kartet. Og når dei kjem til karta: Når dei teiknar inn grensene – dei som skal bestemme kven som kan vinne ut olje kor, då har mykje av kreftene gått ut av Møller, – byrjar krafta å gå ut, trekk Evensen det lengste strået.

Leave a Reply