Dei beste gåvene

I år som i fjor og året før planlegg nordmenn generelt å handla julegåver for meir pengar enn året før. Stort sett vert julegåvepengane nytta til å kjøpa ting, og tydelegvis kjøper me fleire eller dyrare ting for kvart år som går. Mest sannsynleg er mange av tinga me får til jul heilt unødvendige. Sjølv innrømmer eg, med risiko for å virka bortskjemd, at eg ikkje alltid vert like glad for alle gåvene eg får. Kva skal eg med tre termokoppar og ein toliters termos når eg bur åleine? Kanskje dei 15 sølvskeine eg fekk opp gjennom barndommen vil koma til nytte ein dag, men eg veit ikkje heilt korleis. Og når det gjeld pyntegjenstandar og billege smykke trur eg det meste for lengst har hamna hos Fretex (eller i søppelet, om ingen ville ha dei).

Spire miljøvennlige julegaver

Eg har etter kvart kome fram til at dei beste gåvene er av den typen ein slit ut eller brukar opp. Ullstrømpebukser og tjukkelestar er like nyttige kvart år. Og honning produsert av pappa sin kollega er verdas beste, for den har eit hint av eplehage og sommar i Hardanger. Så om du er ute i siste liten og ikkje veit kva du skal gje til nokon som sikkert eigentleg ikkje treng noko ting, så har eg tre tips.

1. Immaterielle gåver: Mange fine opplevingar kostar lite og vert verkeleg satt pris på. Om nokon har alt dei treng, så treng dei kanskje heller ein fest, ein middag eller ei god kulturoppleving. Kva med konsertbillettar eller gåvekort på museum eller kino? Bur vedkomande i ein by kan årskort på kunstmuseum med skiftande utstillingar gi mange spennande opplevingar i løpet av eit år.

2. Gåver ein bruker opp: Mange ting vert brukt opp relativt raskt, og tek dermed ikkje opp plass over unødvendig lang tid, og gir heller ikkje samvitskvalar om mottakaren skulle ynskja å kvitta seg med gåva. Mange barn bruker for eksempel opp fargeblyantar i løpet av eit par år, medan studentar kan bruka ganske mange pennar i løpet av eit år. Såpe er ein klassikar i denne kategorien, men den har to haker: a) det kan bli tatt ille opp og b) eit såpestykke vert ikkje brukt opp særleg fort, så det bygger seg gjerne opp eit lager av såper. Heller enn såpe vil eg slå eit slag for etande gåver. Lokal honning er altså ein av mine favorittar. Spesielle ostar og pølser er òg genialt fordi det er ting mange ikkje unner seg til dagleg. Haka er at dei ofte må oppbevarast i kjøleskåp. For den som ynskjer at gåva skal vera overraskande er nok ikkje ost det rette. Flasker av ulike slag kan derimot pakkast inn slik at dei vert kamuflert. Ein god vin eller brennevin, eller kanskje heimebrygga øl eller sider, er ikkje å forakta. Og apropos heimelaga mat, kva med syltetøy eller annan heimelaga hermetikk? Eller kanskje konfekt som du har laga sjølv?

3. Gåver ein slit ut: Kjenner du nokon som alltid går i skjørt, som bruker labbar heile vinteren igjennom eller som har eit flisete tregolv som øydelegg tøflane? Då veit du kva som alltid vil falla i smak. Vedkomande slit garantert ut strømpebukser, labbar eller tøflar, og blir sikkert glad for påfyll. Eit anna tips kan vera å tilby reparasjon, for ikkje alle kan stoppa hôl eller strikka på ermer som raknar.

Med andre ord treng du som er ute i siste liten ikkje å bidra til overforbruk og gåver som ingen ynskjer seg, for spesialmatbutikkar (eventuelt gardsutsalg), vinmonopolet og fantasien er òg opne fram mot jul.

Skrevet av Nora Bækkelund

Leave a Reply