IYFF 2014 – Oppdatering fra familielandbrukskonferansen

Den som har halde augo opne så langt i Oktober har kanskje fått meg seg at 2014 er året for familielandbruk. I den samanheng var me med å arrangera Familielandbrukskonferansen 21. Oktober med tagline ”utgått på dato eller nøkkelen til matsikkerhet?” Oppmøtet var godt og interessa stor, men det viste seg raskt at me har ei rekke assosiasjonar og tankar rundt familielandbruk som neppe dekker heile sanninga. Kva er så familielandbruk, og kvifor vert det markert med sitt eige år?

_DSC0248

Paneldebatt: Er den norske landbruksmodellen utgått på dato? I panelet satt (f.v) Kristin Ianssen (Norges Bondelag), Merete Furuberg (Norsk Bonde- og Småbrukarlag), Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Senterpartiet) og Gunnar Gundersen ( Høyre)

Grunnkriteriet for familielandbruk må vera at garden er familiedriven og/eller familieeigd. Me ser gjerne for oss ein familiegard som relativt liten, men Robert Carlson (FN-ambassadør til Nord-Amerika for det internasjonale året for familielandbruk) minna oss om at storleik er relativt, og at mange storgardar er i familieeige og dermed rekna som ein del av familielandbruket. Ein familiegard kan altså vera alt frå 1 hektar stor til over 50 hektar stor og gi økonomisk overskot eller ei avkastning som er under sjølvbergingsnivå. Ein familiegard kan nytta fleire eller færre innsatsfaktorar. Hovudpoenget er at bonden er uavhengig og har kontroll over eigen produksjon og eigen bedrift.

 

_DSC0223

Er familielandbruk nøkkelen til matsikkerhet i framtida? Her: Marcela Villareal fra FAO

Kvifor vert familielandbruket markert med eit eige år? Jo, fordi sivilsamfunnet uttrykte ynskje om det. Bondeorganisasjonar frå heile verda meinte at familielandbruket fekk for lite merksemd. Av verdas omtrent 570 millionar gardar er 500 millionar familiegardar. 72% av alle gardar har mindre enn ein hektar land, og dekker til saman 9% av verdas jordbruksjord. Småskalaprodusentar produsentar (stort sett familiegardar) produserer 80% av all verdas mat. Familielandbruket er så viktig fordi det brødfør oss.

_DSC0235

Andrew Kroglund fra Utviklingsfondet styrte ordet!

Men eit år for familielandbruket er ikkje berre ei feiring, men heller ei markering. Det er ei moglegheit til å diskutera kva for utfordringar familielandbruket står overfor og korleis dei kan taklast på best mogleg måte. Det er snakk om tilpassing til klimaendringar, reduksjon av jordbruksrelaterte miljøproblem og rekruttering til landbruket. Elisabeth Atangana frå PROPAC gjorde det klart at familielandbruket slit grunna rammeforholda. Det er framleis grunnleggande ting som landrettigheiter (og for kvinner: arverett), tilgang til nok vatn, marknadar, kreditt, tilpassa teknologi og nettverk for kunnskapsutveksling som gjer at små gardar i sør sjeldan gir nok avkastning. Den som investerer på desse punkta investerer i familielandbruket – det landbruket som bønder flest driv med!

_DSC0270

Ungdomspolitikere deltok i paneldebatt om landran og norske investeringer. F.v: Lage Nøst (Grønn Ungdom), Sunniva Eide (Unge Venstre), Benjamin Arvola Notkevich (Sosialistisk Ungdom) og Mari Holm Lønseth (Unge Høyre)

_DSC0228

 

Skrevet av: Nora Bækkelund, Matutvalget i Spire

Leave a Reply